3_top_left_logo_2.gif

Fjord Energi har valt Tussa Energi til å forvalte Fjord Energi sin portefølje av fysiske og finansielle kraftkontraktar. 

Tussakonsernet er heimehøyrande på Sunnmøre og har 320 tilsette. Tussa Energi produserer kraft i 15 vasskraftverk med ein venta årsproduksjon på 620 GWh. I tillegg har Tussa 4 småkraftverk under oppføring. Tussa driv forretningsverksemd med utgangspunkt i produksjon, overføring og omsetning av energi og kommunikasjonsprodukt. Produkta vi leverer er baserte på Tussa sin infrastruktur eller kjernekompetanse.

Fjord Energi kan i samarbeid med Tussa tilby fleksibel prissikring av kraftproduksjon for småkraftverk. Gjennom Fjord Energi kan småkraftprodusentar også ta del i tradingporteføljar i kraftmarknaden via Tussa. Avdelinga for krafthandel har fem medarbeidarar med lang erfaring frå kraftmarknaden. Avdelinga er største kompetansemiljøet for krafttrading mellom Bergen og Trondheim.

Fjord Energi er opptatt av at all krafthandel skal føregå effektivt og innan trygge rammer. Energimarknaden er prega av kraftige prissvingingar og enten ein kjøper eller sel energi, er det viktig å kunne handtere risiko på ein bevisst og ordentleg måte. Tussa Energi er valt som Fjord Energi sin samarbeidspartnar på bakgrunn av at selskapet har lang erfaring, effektive system og solid kompetanse innan energihandel.

Saman med Fjord Energi ønskjer Tussa å vere ein attraktiv partnar for småkraftaktørar. Målet er å utvikle verdiar saman.

www.tussa.no

Fjord Energi AS samarbeider med Entro vedrørande innhenting og samanstilling av produksjonsdata frå dei ulike kraftprodusentane.

www.entro.no