Fjord Energi AS vart stifta 18.03.2008 og er i hovudsak eigd av 15 småkraftverk i Sogn og Fjordane.  Fjord Energi forvaltar pt kraftproduksjonen og dei grøne meirverdiane på vegner av ca 30 kraftverk, som til saman har ein årsproduksjon på ca 310 GWh. Hovudtynga av produsentane ligg i prisområde NO3, men vi har og produsentar i NO2 og NO5.

Selskapet er lokalisert på Sandane i Sogn og Fjordane. Monica Heggheim er dagleg leiar i selskapet.

Forretningsidè:

Selskapet skal sikre kraftprodusentar og eigarar høgare margin på kraftproduksjonen, gjennom i fellesskap å oppnå betre pris på kraftproduksjonen.