Korleis omsetje kraftproduksjonen?

Fjord Energi tilbyr fysisk og finansiell forvaltning av kraftproduksjon for små kraftverk.  Finansiell forvaltning av kraft er ein ny måte å tenkje kraftomsetning på for små kraftprodusentar. 

Ved utbygging er det viktig med eit tidleg fokus på inntektssida. Dette betyr at ein bør setje seg inn i kraftmarknaden. Fjord Energi AS er rådgjevar til forvaltning av kraftproduksjonen. I samarbeid med kraftprodusent vil Fjord Energi AS ha ein nøye gjennomgang av produksjonsprofil, økonomi, risikosyn osv. Dette er naudsynt for å komme fram til beste måte å omsetje kraftproduksjonen på. Kraftverk er ulike og vil ha ulike behov.

Fjord Energi AS kan bistå i samtalar og møter med finansieringsinstitusjonar, for i samarbeid å kome fram til best mogeleg omsetjingsmodell.

Dei vanlegaste måtane å omsetje kraftproduksjonen er fastpris og spotpris, eller kombinasjonar av desse. Fjord Energi AS kan tilby dei fleste varianter og har modellar som er svært fleksible og som vert skreddarsydd kvar enkelt produsent.