Bakgrunn for etablering av Fjord Energi AS

I perioden 2000-2008 vart det etablert mange småkraftverk på Vestlandet. Kraftverkseigarane hadde i starten vanskar med å setje seg inn i korleis kraftmarknaden fungerte. Det vart ofte inngått dårlege fastpriskontraktar eller handla i spotmarknaden til låge prisar. For mange småkraftverk vart det ikkje utarbeidd ein langsiktig strategi for korleis omsetje kraftproduksjonen. Kva som vart vald som omsetningsform var ofte tilfeldig, gjerne bestemt av erfaringar førre år.

Fjord Energi AS vart etablert i byrjinga av 2008, etter initiativ frå småkraftseigarar. Formålet med selskapet er å omsetje kraftproduksjonen på ein betre måte, slik dei større aktørane handterer sin kraftproduksjon. Oftast vert kvar enkelt småkraftverk for små, men ved å samle kraftproduksjonen saman i porteføljar er det mogleg å handle direkte i den finansielle marknaden.